Til mor, svigermor, mormor, farmor og oldemor Ingeborg på 90-årsdagen!
Mel.: Musevisa
Mor Ingeborg er 90, og nå skal vi ha fest,
for ho er den vi kjenner som fortener dette mest.
Nå vil vi ta fram minner og la det bli ein song
og synge om dei gleder vi har hatt så mang ein gong.
Vi skal feira, vi skal vera glad!
Med Ingeborg i sentrum, så må dette her gå bra!
Binda deg ein vakker minnekrans,
minnast mest det gode ifrå livets dans.
Med smilehol og fletter og føter som sprang fort,
ja, alle skjønte tidleg at ho her får mykje gjordt.
På skulen gjekk det unna, der traff du også han, som fekk deg med til Bø og blei din ektemann;
Brune auge, smart med lun replikk-
du fortaldte sia at i hjartet sa det klikk.
Vegen gjekk frå Harestad til Bø,
der de delte dagane med sol og stormfull sjø.
I drivhuset, på jordet, på kjøkken og i fjøs-
det blei nok mange tunge tak og lite tid til drøs.
Men Ingeborg du satsa og det blei mange mil
til saman inn til "Torjå" i din blåe Morris-bil!
Gulrot, purre, blomar, selleri,
Ingeborg var dama det, som sjeldan tok seg fri.
Strikka, hekla, mala porselen,
sydde dine eigne klær og heldt deg stadig pen.
Når ungane dei krangla og laga bråk og kav,
du sa:"Nå må de teia ellers legg de meg i grav."
Og då blei alle stille- dei tenkte nok som så;
"at utan mor i huset koss skal det vel gå?"
Hans Torgny, Bjørg og Torger, Geir og Gro-
ikkje rart at Ingeborg fekk lite tid til ro.
Kaffi, kake til unge på besøk,
og du var sjølv eit oppkome av latter og av spøk.
Når andre kvinnfolk ennå gjekk i subbeside skjørt,
så trekte du i bukser og jobba varmt og tørt.
Ja, sånn har du gått føre og staka ut ein veg,
så mykje har blitt lettare for dei som fulgte deg.
Nuppereller, heklenål og tråd-
stod på seint og tidleg sånn at alle kunne få.
Kjole, drakt og bunadsbroderi,
ja, alle ting det kunne du, men korleis fekk du tid?
Til slutt så vil vi takka, og det gjer vi i kor.
Vi reiser oss og klappar for heile slektas mor!
Du stod på for oss alle og er vårt samlingspunkt,
du tok imot av livet både lett og tungt.
Vi vil alle takka deg for det,
du fyllte barndomsheimen vår med glede og med fred
Hans Torgny, Bjørg og Torger, Geir og Gro,
og alle vi vil takka for du er så raus og god!
Frå barn, svigerbarn, barnebarn
( og barnesvigerbarn!) og oldebarn
Skreven av
Gro Ingebjørg og Sverre,
Ingunn og Margit Kristine
Opsal, januar 2008